Medlemmar står sjølv ansvarleg for eiga sikkerheit ved bruk av treningstilbodet. Kommunen står ikkje ansvarleg ved personskade, og erstattar heller ikkje tapte eller skadde gjenstandar.
Har du lite eller inga treningserfaring, råder vi deg til å bestille og gjennomføre ein time med fysioterapeut før du byrjar styrketreninga. Dette for å sikre at treninga føregår på forsvarleg vis.
Medlemsskapet og nøkkelkortet er personleg, og SKAL ikkje nyttast av andre. Må vere 16 år for å få nøkkelkort. For medlemar under 18 år MÅ verge logge seg inn og fylle ut skjema på vegne av brukar.
Bindingstid på 1 år.
Treningsrommet er tilgjengeleg mellom klokka 06:30-22:30.
Ved bestilling av medlemsskap får du instrukst vie oppgitt e-post på kor og når du kan hente nøkelkortet.
Du må seie opp før påbegynt ny månad, og du har ein månadar oppseiingstid. Vi ber om at du levere tilbake nøkkelkortet i postkasse ved inngangen til Naustdal legesenter bygg K, når oppseiingstida er over.
Du får tilsend faktura frå økonomikontoret i Førde fire gonger i året (kvartalsvis).