Søknadsfrist 7 dagar før arrangementet/aktiviteten.
Lokaltransport
for ungdom (LTU) er ei transportordning for ungdom som bur i
Sunnfjord kommune, som skal gje ungdom mellom 13 år (8.klasse) og 19 år høve
til å delta på fritidsaktivitetar og andre sosiale arrangement for ungdom.
Målet med ordninga er å legge til rette for eit betre og tryggare skysstilbod
for ungdom, der det ikkje er eksisterande rutetilbod.
Det er
fylkeskommunen som tildela LTU midlane etter søknad frå kommunane og
ungdomsråda.
I 2025 har Sunnfjord kommune kr 100 000.- å dele ut
etter fylgjande søknadskriterier: Ordninga er ope så lenge det er midlar
tilgjengeleg.
Kriteria for tildeling:
- Tiltaka skal vere tilpassa LTU sine mål og
målgruppe og må vere ope for alle i målgruppa
- Tilbodet gjeld for ungdom 13 år (8.klasse)–19 år
- Minimum tal passasjerar er 3 personar
- Eigenandel er 50 kroner pr person kvar veg
- Arrangement eller aktiviteten skal vere rusfri
- Går det buss eller anna offentleg transport
innan ein time, må ein nytte dette. Vi kan ikkje gi støtte til reiser som går i
direkte konkurranse med eksisterande rutetilbod
- Vi kan ikkje gi støtte til turar som går ut av
fylket eller inneber overnatting