Opplæringslova § 8-1 gir eleven rett til å gå på den skulen
som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til. Vidare
står det at kommunen kan gi forskrifter om kva skule dei ulike områda i
kommunen soknar til.
Forskrift om skulekrinsgrenser i Sunnfjord kommune
Forskrifta definerer kva nærskule eleven soknar til, og kva som kan gi grunnlag for dispensasjon.
Klikk på lenka for å lese forskrifta: https://sunnfjord.kommune.no/_f/id33b7ef9-076a-4104-86ce-5482ad798a8a/forskrift-skulekrinsgrenser-i-sunnfjord-kommune.docx)
Hovudsakleg er det tre ulike tilfelle som kan gi elven
dispensasjon frå krinsgrensene:
Adresseendring til anna krins
Særlege tilhøve
Som tiltak i skulemiljøsaker
Meir informasjon finn du i forskrifta om skulemiljø
Det er kommunedirektøren som gjer vedtak om dispensasjon.