I dette
skjemaet registrerer du relevant informasjon for branntilsyn og feiing av
fritidsbustadene dine i Sunnfjord kommune. Dette er avgjerande for at
brann- og feiarvesenet kan planlegge og utføra dette arbeidet på best
mogleg måte.
Ver vennleg å
fyll inn alle felt så nøyaktig som mogleg. Hugs at du må fylle ut eit eige
skjema for kvar enkelt fritidsbustad du eig.
Kvifor
denne registreringa?
Den 17. desember 2015 vart ny forskrift om brannforebygging vedtatt. Denne trådde i kraft 1.
januar 2016. Nytt i denne forskrifta er blant anna krav til kommunane om å
gjennomføre feiing og tilsyn også i fritidsbustadar. Kommunen har per i dag
ikkje ei oversikt over eldstadar og framkomeleg heit/tilgjengelegheit til
fritidsbustadane, noko som er nødvendig for planlegging og gjennomføring av
feiing og branntilsyn. Derfor er det nødvendig for kommunen å hente inn denne
informasjonen.