Vestland fylkeskommune ved Skyss er ansvarleg for å organisere fri skuleskyss
for elevar som oppfyller krava om avstand i opplæringslova § 7-1. Dette gjeld
elevar som har meir enn 2 km (for 1. klasse) eller meir enn 4 km (for 2.–10.
klasse) mellom heimen og skulen. Dette vert organisert av skulen din.
Elevar som ikkje oppfyller desse
avstandskrava kan også ha rett på skuleskyss, dersom skulevegen er særleg
farleg eller vanskeleg. Ein kan også ha rett på skuleskyss på grunn av
funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom som gir eit behov for
skyss. I slike saker må føresette søke kommunen, som handsamar saka individuelt
og gjer eit vedtak.
Dette søknadsskjemaet vil gi sakshandsamar
informasjon til å handsame ein søknad om skuleskyss. Alle personopplysningar
vil bli handsama i tråd med gjeldande personvernsforordning og søkar har
anledning til å be om innsyn i alle dokument knytt til søknaden. Sakshandsamar
kan be om ytterlegare informasjon dersom det er naudsynt.