Alle barnehagar pliktar å søkje om godkjenning etter barnehagelova § 6. Det skal sendast søknad dersom:
Verksemder som har ansvar for barn under opplæringsliktig alder:
- Verksemda er regelmessig, eit eller fleire barn har opphald på meir enn 20 timar per veke
- 10 eller fleire barn når alle er over 3 år som er til stade samtidig, færre om dei er under 3 år
- Verksemda får godtgjerdsle
Det må søkast om godkjenning av barnehagen før den blir drifta.
Søknaden skal sendast til Sunnfjord kommune som avgjer om godkjenning av barnehagen etter vurdering om barnehagen er egna etter formål og innhald etter barnehagelova §§ 1, 1a og 2, jf. § 14 i barnehagelova.
Kommunen kan ved godkjenning sette vilkår for drifta med omsyn til tal barn, barna sin alder og opphaldstid.
Barnehagar som blir godkjent har rett til driftstilskot, jf barnehagelova § 19 og forskrift om tildeling av tilkudd til private barnehager.
Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal gje barn gode utviklings- og aktivitetsmogelegheiter. Det fører til krav om utforming, innhald og bemanning.
Dette skal kommunen vurdere:
- Om fysiske rammer som lokaler, inventar og uteområder er egna for barnehagedrift
- Fastsette barnehagen sitt innvendige leike- og opphaldsareal
- Vurdere bemanningsplan
- At drifta er forsvarleg
- At barnehagetilbodet kan oppfylle lova og rammeplanen sine krav til barnehagen sitt innhald
- Vurdere vedtektene, jf barnehagelova § 8 krav til vedtekter
- Kontrollere politiattest for leiar og andre tilsette, jf. barnehagelova § 30 og forskrift om politiattest i barnehage § 6
- Krevje at andre personar som regelmessig oppheld seg i barnehagen levere politiattest
Uteområdet bør vere om lag 6 gonger større enn leike- og opphaldsareal inne og skal ikkje inkludere parkeringsplassar, tilkøyringsvegar til barnehagen.
Barnehageeigar har ansvar for:
- Fastsette tal kvadratmeter per barn med utgangspunkt i arealnorm
- Fastsette barnehagen sine vedtekter (sjå barnehagelova § 8 for innhald i vedtektene)
Barnehageeigar har ansvar for:
- Drifte barnehagen i samsvar med gjeldande lover og regelverk
Barnehagemyndigheit
- Sunnfjord kommune er lokal barnehagemyndigheit og pliktar:
- Rettleie barnehagar i eigen kommune
- Sjå til at barnehagane blir drive etter gjeldande regelverk
- Har plikt til å tilby barnehageplass til alle som har rett til barnehageplass
- Rett til innsyn i dokumenter og tilgang til barnehagelokaler når det er nødvendig for å ta i vare kommunen sine oppgåver (jf. § 4 i forskrift om overgangsregler til barnehageloven – tilsyn, veiledning, reaksjoner mv.)