KONTAKTINFORMASJON PÅ NETTSIDA
Sunnfjord kommune har oversikt
over folkevalde på nettsida. Alle medlemmer i folkevalde organ har ei kommunal
e-postadresse (fornamn.etternamn@politikar.sunnfjord.no). Dette gjeld også for første varamedlem i kommunestyret for alle partia.
Desse blir lagt inn på nettsida.
Dei folkevalde bør ha ei e-postadresse
på nettsida slik at innbyggarar og andre aktørar som ønsker det kan kome i
kontakt med dykk. Det er ulikt kor ofte den kommunale e-postadressa vert sjekka.
Dersom du vel den kommunale e-postadressa som er lagt inn på iPaden, må den bli
sjekka jamleg. Kontakt politikk@sunnfjord.kommune.no
for hjelp til å lese e-post på PC eller legge inn e-postadressa på smarttelefon
slik at den er meir tilgjengeleg.
I samsvar med GDPR-reglar må den enkelte folkevalde gi aktivt samtykke
dersom vi skal legge inn privat kontaktinformasjon på nettsida. Alle folkevalde
skal difor fylle ut dette skjemaet. Kontaktinformasjonen på nettsida blir deretter
oppdatert i samsvar med tilbakemeldinga. Opplysningane på nettsida blir sletta når du trer ut av verv som folkevald i kommunen.
Kontonummer: Vi treng også kontonummeret til nye folkevalde for utbetaling av møtegodtgjersle
og erstatning for tapt inntekt og utgifter.