Før vi kan behandle søknaden din om parkeringsløyve, må du levere legeerklæring frå fastlegen din.
Legeerklæringen kan leverast på tenestetorget, sendast på eDialog til Sunnfjord kommune, eller per post til Sunnfjord kommune, pb 338, 6802 Førde.
Din søknad
Det er i sjølve søknaden du må få fram opplysningar som tilseier at du har eit særleg behov for parkeringslette. Det vil seie at du må beskrive kvifor det ordinære parkeringstilbodet på stadene du ofte besøker ikkje kan nyttast. I søknadsskjemaet er det tatt med ulike forhold vi ønskjer svar på. Det anbefalast at du fyller det ut nøye, slik at vi får eit godt bilde av ditt behov, samt at vi ikkje brukar unødig lang tid på handsaming av søknaden.
Tenk godt over
- Kvar er det du har problem med å parkere og kor ofte er du her? (stadnamn/gatenamn)
- Kvifor er det vanskeleg å parkere her? - Kva slags parkeringsplassar finst det her?
- Kva er det som gjer at du ikkje kan nytte dei ordinære plassane her?
- Korleis vil eit parkeringsløyve konkret hjelpe deg på desse bestemte stadene?
- Er du ofte til behandling, opptrening eller hos lege så høyr om du kan få dokumentasjon på dette.
For å sikre at det kun er søkarar som har eit reelt behov, som blir tildelt parkeringsløyve, treng vi dokumentasjon som viser kor ofte du parkerer i samband med helserelaterte avtalar, til dømes legebesøk. Vi treng også dokumentasjon dersom du har andre tungtvegande behov for parkering, til dømes i samband med bustad eller arbeid.
Søker du som passasjer?
Rørslehemma som ikkje køyrer sjølv, skal som hovudregel køyrast til reisemålet og følgjast inn. Deretter skal bilførar flytte bilen til ordinær parkeringsplass. Det er ikkje naudsynt med parkeringsløyve for å gjere dette. Difor vert parkeringsløyve tildelt når den som er passasjer ikkje kan forlatast åleine (for eksempel på venterommet) mens bilen vert flytta. Dette må gå fram av legeerklæringa og søknaden.
Vedlegg
Bilde av deg sjølv og kopi av førarkort dersom du søker som førar av bil (kopi av begge sider av førarkortet). Førarar over 75 år må syte for å legge ved kopi av gyldig førarkort som er fornya av Statens Vegvesen etter framlegg av helseattest. Er søknaden utfylt av verge / fullmektig må det leggast ved fullmakt.
Les meir om parkeringkort for rørslehemma