Kinn kommune, Sunnfjord kommune og KS Vest-Norge
samarbeider om å arrangere ei digital fagsamling om kunstig intelligens. Vi inviterer alle kommunane i gamle Sogn og Fjordane til å vere med!
Målgruppa er
leiargruppa og ressursar som jobbar med digitalisering i kommunen. Målet
er å auke kunnskapen om kunstig intelligens slik at vi kan ta i bruk dette
verktøyet for å forbetre tenestene til innbyggarane våre og arbeidskvardagen
til dei tilsette.
Den digitale fagsamlinga vert måndag 11. november klokka 12.00-14.30.
Program for samlinga
- Velkommen v/assisterande kommunedirektør i Sunnfjord kommune Lise
Mari Haugen
- "Barrierer og muligheter i kommunal sektors arbeid med kunstig
intelligens" v/ Sidsel Nordhagen, dagleg leiar i KS-Digital
- Eksempel på bruk av kunstig intelligens:
- Bruk av KI i planarbeid - Andreas Fonn Mascik, Sunnfjord kommune
- Program for implementering av KI i offentlig
sektor - Stian Anfinsen, EDIH Oceanopolis
- KI-basert Dokument Intelligens - Ole Bernt Rye
- Korleis ta i bruk Microsoft Copilot i kommunane? v/Atea
- Oppsummering og vidare planar v/ Kinn kommune og Digi Vestland
Påmelding innan 1. november 2024.
Gratis deltaking.