Måndag 8. september er valdagen for stortingsvalet 2025. Frå 11. august til 5. september kan du førehandsstemme.
Om du ikkje kan møte opp i vallokale for å førehandsstemme, eller stemme på valdagen på grunn av sjukdom eller uførleik, kan du søke om å stemme heime eller der du oppheld deg.
Søknadsfrist: torsdag 4. september, klokka 12.00.
Du treng ikkje å søke om du bur på ein av institusjonane under, der blir det lagt til rette for mottak av førehandsstemmer innanfor følgande tidspunkt:
-
Førde omsorgssenter, måndag 28. august, kl. 11.00-13.00
- Naustdal omsorgssenter, tysdag29. august, kl. 11.00-13.00
- Sande omsorgssenter, tysdag 29. august, kl. 11.00-13.00
- Skei omsorgssenter, tysdag 2. september, kl. 09.30-11.30
- Vassenden heimeteneste (base), tysdag 2. september, kl. 13.00-15.00
- Førde sentralsjukehus, onsdag 3. september, kl. 10.00-13.00