Støtteordning for tilskot til varmepumpe - Luft til luft
Ordninga er eit incentiv for nye tiltak, gjennomført etter 01.10.2022. Tiltak som tidlegare er igangsett, men ikkje ferdigstilla, vil ikkje falle inn under ordninga.
Tilskotet dekkar 50 % av investeringskostnaden, inntil kr.20 000,-.
TIlskotet til hushald med låg inntekt dekkar 90 % av investeringskostnad til varmepumpe i bustadhus , inntil kr.30 000,-.
Låg inntekt gjeld:
- hushald med forsørgeransvar for born med samla brutto inntekt (eks barnetrygd og liknande) på inntil kr.600.000,-
- einslege med samla brutto inntekt på inntil kr.400.000,-.
Dersom du gjennomførar tiltaket før du søkar må du i søknaden legga ved kopi av utført arbeid og faktura.
Dersom du søkar i forkant må motteke tilbod følgje søknaden. Når du mottek faktura må du ettersenda kopi til kommunen som føretek utbetaling snarast.
Det er søkaren sitt ansvar å undersøke med Suldal kommune v/bygdeutvikling om tiltaket er søknadspliktig og deretter søkje om byggeløyve.
Du må vere juridisk eigar av bustaden/hytta.