NB! Skjenkeløyve for einskildhøve må søkjast seinast 2 veker før arrangementet skal haldast.
Hugs at det kan vera naudsynt å søkja brannvesenet om løyve til arrangement. Sjå nærare informasjon her: https://www.kvam.no/tenester/tekniske-tenester/brann-redning-og-beredskap/arrangement/
-----------------------------------------------
Regelverk:
Fylgjande er vedteke i HST 16. juni 2020:
§ 5 Skjenkeløyve for einskildhøve:
Det kan tildelast skjenkeløyve for alkoholhaldig
drikk i gruppe 1 og 2 for einskilde høve i forsamlingslokale med eventuelt
uteområde. For skjenking på uteområde gjeld same krav som i § 4-b. Det vert
ikkje gjeve skjenkeløyve i samband med idrettsarrangement eller arrangement i
regi av heradet.
Det vert sett som villkår at skjenkestyrar og
stedfortredar, og minst 1/3 av dei øvrige vaktar og skjenkepersonale må ha
gjennomførd skjenkekurs i regi av heradet, eller ha gjennomførd kunnskapsprøve
for skjenking av alkohol.
For å få løyve til einskildhøve må det vere
minimum 18 år aldersgrense til skjenkelokalet. Det kan søkjast om dispensasjon
ved særskilde høve der det vil vere naturleg å gje adgang til ungdom under 18
år. Dette kan t.d. vere konsertar, revy eller andre kulturelle arrangement.
Brot på villkåra sett i løyvevedtaket og
alkohollova med forskrift kan medføra karantene for både huseigar og arrangør.
Det er sett minimumskrav til tal på vaktar/
mannskap for einskildhøver slik*:
Lukka
lag/ medlemsfest/ kulturarrangement i regi av etablert kulturinstitusjon: minimum 2 med kurs/kunnskapsprøve
Arrangement med inntil 50 gjester: Minimum 4 stk, kor av 2 med kurs/kunnskapsprøve
Arrangement med mellom 51 og 100 gjester: Minimum 6 stk, kor av 2 med kurs/kunnskapsprøve
Andre arrangement enn dans med meir enn 100 gjester**: Minimum 9 stk, kor av 3 med kurs/kunnskapsprøve
Dans med 100 til 250 gjester: Minimum 12 stk, kor av 4 med kurs/kunnskapsprøve
Dans med meir enn 250 gjester: Minimum 20 stk, kor av 6 med kurs/kunnskapsprøve.
*Alle arrangement må meldast til
politiet, som kan sette andre krav til vakthald i hht lokale politiforskrifter.
** Døme på andre arrangement enn dans er konsert med sitjeplassar, teater, revy
o.a. Med dans meinast også konsert utan sitjeplassar.
Det er mogleg å søkja om dispensasjon frå minstekravet. Søkjar må vise til ein
risikovurdering av arrangementet, og ein dispensasjon vert gjeve etter
tilråding frå politiet.