Bestilling krev pålogging med ID-porten.
Frå 1. januar 2018 kan du gifte deg borgarleg i Austevoll kommune.
Stortinget har vedteke lovendring i ekteskapslova som inneber at borgarleg vigsel no blir overført frå tingrettane til kommunen.
Søk først om prøvingsattest
Først skal det vurderast om ekteskapsvilkåra er oppfylte. Dette blir gjort av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. Deretter får du ein prøvingsattest som er gyldig i fire månader. Det vil sei at vigslinga må skje i løpet av desse fire månadene.
Sjå rettleiing på Skatteetaten si nettside: Ekteskap i Norge
Når du har motteke prøvingsattest, kan du bestille vigsel ved å nytta det elektroniske skjemaet Bestilling av vigselssermoni i Austevoll kommune.
De må samstundes levera orginal prøvingsattest på kommunehuset eller senda den i vanleg postgang til:
Austevoll Kommune
Birkelandsvegen 2
5392 Storebø
Merk: «Vigsel»
Les meir om dette på nettsida til Austevoll kommune.