Kven kan søkja om redusert foreldrebetaling?
* Husstandar med ektepar/sambuande
* Forsørgjarar med delt omsorg
* Einslege forsørgjarar som ikkje har krav på stønad til barnetilsyn
Årleg bruttoinntekt må vera mindre enn 235.000 kroner
Einslege forsørgjarar som er under utdanning, i arbeid eller som er melde til NAV som reelle arbeidssøkjarar, har krav på stønad frå NAV til barnetilsyn som delvis dekking av utgifter til barnehage.
Ein må venda seg til NAV for rettleiing og søknad om dette.
* Einslege forsørgjarar som får slik stønad, kan likevel søkja Os kommune om redusert foreldrebetaling dersom dei har ei årleg brutto inntekt under 150.000 kroner, eller har overgangsstønad og minstebidrag som einaste inntekt.
Årleg søknadsfrist
For søknader om redusert foreldrebetaling som vert sendt innan 15. mai, vert det fatta vedtak med verknad frå og med starten på neste barnehageår til og med slutten på gjeldande barnehageår.
Elles vert vedtak fatta med verknad frå og med den månaden Os kommune mottek søknaden til og med slutten på gjeldande barnehageår.
Alle søknadane blir vurderte individuelt
Rutine for handsaming av søknader om reduksjon av foreldrebetaling i barnehagane i Os kommune, vedteke i Os kommunestyre 6.12.2011