Os kommunestyre vedtok 27.03.2012 å innføra ein toårig prøveperiode med kommunal kontantstøtteordning. Kommunestyre vedtok desember 2013 at ordninga med kommunal kontantstøtte skal vidareførast.
Kommunestyret har vedtatt at kommunal kontantstøtte er ei yting for barn mellom to og tre år som ikkje nyttar barnehageplass og som er busett i Os kommune.
Foreldre må søkja om å få kommunal kontantstøtte.
Forskrift for lokal kontantstøtte i Os kommune
Barn i alderen 24-35 mnd. og som er busett i Os kommune kan søkja om lokal kontantstøtte på kr. 6 000,- pr mnd.
Dersom føresette vel lokal kontantstøtte for barnet i perioden, kan ikkje barnet samstundes ha barnehageplass i dei månadane dei mottek kontantstøtte.
Satsane for kommunal kontantstøtte vert regulert årleg tilsvarande endring i den statlege kontantstøtta.
Mottakarar av kontantstøtte må melde frå til Os kommune dersom grunnlaget for kommunal kontantstøtte ikkje lenger er tilstade. Slike grunnar kan vere at barnet flytter frå Os, eller begynner i barnehage. Feilaktig utbetalt kontantstøtte vert krevd tilbakebetalt.