Føresett som søker må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet.
Vedtak om redusert foreldrebetaling kan ein få for eit barnehageår om gongen. Har du behov for reduksjon i betalingssats må du sende inn søknad for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon for inntekta i husstanden.
Utrekningsgrunnlag:
Utrekningsgrunnlaget for redusert foreldrebetaling er hushaldninga si samla personinntekt og skattepliktige kapitalinntekt (sjå forklaring under). Bur eit barn fast hjå begge føresette, skal foreldrebetalinga vert rekna ut frå inntekta til den føresette som har same folkeregisteradresse som barnet. Det vil seie at utrekningsgrunnlaget er inntekta til føresett som søkjer og evt. ektefelle/sambuar/registrert partnar, sjølv om denne ikkje er føresett til barnet.
Dokumentasjon:
Dokumentasjonskrav for inntektsutrekning er siste års sjølvmeldinga frå siste år.
Dersom søkjar har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står på den forhandsutfylte sjølvmeldinga er ein pliktig til å opplyse om disse, slik at inntektsgrunnlaget speglar den faktiske skattepliktige person- og kapitalinntekta. Skattepliktige kapitalinntekter er bl.a. renteinntekter, aksjeutbytte, gevinst ved sal av eigedom og løsøre, leigeinntekter.
Skattefrie overføringar som barnebidrag, kontanstøtte, barnetrygd m.m skal ikkje vere med.
Det vert ikkje gitt reduksjon i foreldrebetalinga med tilbakeverkande kraft.