Informasjon til deg
som søker grunnskuleopplæring:
Du som er over
opplæringspliktig alder og ikkje har fullført grunnskulen eller
tilsvarande opplæring, kan ha rett til grunnskuleopplæring for vaksne, dersom
du ikkje har rett til vidaregåande opplæring og du treng grunnskuleopplæring jfr. opplæringslova § 4A-1.
Vaksne med rett til
denne opplæringa har også rett til rådgjeving for å kartlegge kva slags tilbod
den enkelte har behov for, jfr. oppl.lova §4A-8. Opplæringa er gratis
og den skal vere tilpassa. Før du får tilbod om skuleplass, vil du verte
innkalla til ein samtale med rådgjevar ved skulen. Deretter vil vi avtale
tidspunkt med deg for gjennomføring av ulike kartleggingstestar. Resultata på
testane er med på å avgjere kva nivå du vil få undervisning på.
Vedlegg
-
kopi av
prøvebevis for norskprøv
- kopi av
vitnemål frå tidlegare skulegong
- søkar har vist
opphaldsløyve i pass eller informasjon om opphaldsløyve er sjekka i NIR
Søkarar
som ikkje er norske statsborgarar, må vise opphaldsløyvet i passet.